Ustelt gran- og lauvskog på Voss, juni 2024
Gran- og lauvskog før pleietiltak på Voss, juni 2024 Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.

Skjøtsel av skog

Til vanleg vert det planta gran på hogstflater i vår region. På plantefelta veks det ofte opp andre treslag mellom planteradene, og tal planter per dekar vert for høgt i forhold til optimal produksjon og kvalitet av valt treslag. 

Avstandsregulering er naudsynt for å sikre god tilvekst og kvalitet i framtidsskogen. Denne ungskogpleia bør gjerast når trea er mellom 1 og 5 meter høge. Seinare i omløpet kan det vere aktuelt å kviste lauvtre for best mogeleg kvalitet.

Etter 30-40 år kan tynning i skogen vere aktuelt, men dette er avhengig av mellom anna treslag, stabilitet og infrastruktur. 

Om du ønskjer fleire sjikt, treslag og meir mangfald i skogen, må du planleggje framgangsmåten godt. Denne driftsforma er utan store snauhogstar og tek meir omsyn til kva naturen tilbyr som forynging. Ein slik type skog kan vere meir stabil i forhold til naturskadar (vind, flaum, ras, billeangrep) og er positiv for det biologiske mangfaldet.