Kven kan gje råd?
Ungskogpleie er arbeid som ikkje bør utsettast eller gløymast. Du kan be om råd frå fagkyndige, t.d. kommunen sin skogansvarlege, Skogkurs, Skogselskapet eller skogeigarforeininga.
Vi hjå Statsforvaltaren ønskjer større fokus på dette viktige arbeidet. Tek du kontakt med oss, vil vi kunne bidra med:
- Praktiske råd korleis du kan starte ungskogpleie i din skog
- Ein prat om tilskot og ikkje minst verdien av skogfond
- Synfaring i skogen din og skogfaglege råd for vidare skogpleie