Økologisk geitehald
Den største skilnaden mellom økologisk og konvensjonelt geitehald er knytt til dyrking av grovfôr og til bygningskrav. I tillegg er det krav knytt til fôring, sjukdomsførebygging og parasitthandtering. Det er Debio som fastset og handterer reglar for økologisk drift i Norge.
Målet i ei økologisk driftsform er at geitehaldet, i størst mogeleg grad, skal klare seg med garden sine eigne lokale og fornybare ressursar. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel vert ikkje brukt. Godt dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg.
Meir info hjå medlemsorganisasjonen Debio.