Hesten var i gamle dagar eit arbeids- og nyttedyr, også som trekkdyr på gardane. I dag vert hesten brukt i eit vidt spekter av aktivitetar, frå rekreasjon, idrett og spel til turisme og terapi. Arbeidshestar på gardane og ut i skogen er ikkje heilt borte, men ei stor næring er det ikkje. For folk flest er hesten i dag i all hovudsak noko dei forbinder med travbane og Lyntoto, men det er andre aktivitetar som terapiriding og hesten som pedagog-, helse- og sosialarbeidar. Slike tilbod finn du ofte knytt til Inn på tunet-garder. Vil du vite meir om hest som ressurs for lokal næringsutvikling? Les meir i nasjonal rettleiaren frå Landbruks- og matdepartementet. |