Meldeplikt

Melding om hestehald og bygningar til oppstalling av hest

Alle som vil halde fleire enn 10 hestar, skal gje Mattilsynet melding om dette på førehand. Meldeplikta gjeld ikkje etablering av hestehald som må ha godkjenning etter § 28. Melding skal gjevast på den måten Mattilsynet bestemmer og innehalde naudsynte opplysningar om hestehaldet. Sjå §26 i Forskrift om velferd av hest.

Hestesenter, registreringspliktig omsetting av hest, treningsstall og hestepensjonat

I følgje § 28 i forskrifta: Den som skal drive hestesenter, omsetting av fleire enn 6 hestar i året, treningsstall eller hestepensjonat, skal søkje Mattilsynet om det. Søknaden skal ha ei form og eit innhald som oppfyller krava til melding etter § 26.