Offentleg støtte
Du eller rådgjevaren din bør ta kontakt med det regionale Innovasjon Norge-kontoret for å få ei vurdering om du kan søkje tilskot til byggeprosjektet ditt.
Innovasjon Norge har ei ordning med ekstra tilskot for bygg i tre for tradisjonelle landbruksproduksjonar. Ordninga gjeld førebels for perioden 2020 - 2022.
Slik vert ordninga omtala på nettsida:
Støtteordninga gjeld nytt areal i form av tilbygg eller nybygg. Tre må vere hovudmateriale i vegg og takkonstruksjonar.
- Massivtre, laft, slepplaft eller bindingsreisverk i kombinasjon med takstolar, buer, åsar eller andre takløysingar i tre:
Inntil 20 % ekstra tilskot avgrensa til kr. 400 000. - Kombinasjon med andre byggematerialar der tre er hovudmateriale:
Inntil 10 % ekstra tilskot avgrensa til kr 200 000.
Innovasjon Norge vurderer grunnlaget for ekstra tilskot uavhengig av om det er søkt om det eller ikkje.