Kumjølk er den mest inntektsbringande landbruksproduksjon på Vestlandet og hovudproduksjonen på mange gardsbruk. Produksjonen krev godt grovfôr og ein del kraftfôr. Ein kan drive mjølkeproduksjon heile året eller når ein har konsentrert kalving om hausten kan bonden ha fri frå mjølkinga om somaren. Produksjonen er regulert gjennom mjølkekvoter og det er ein del krav til korleis mjølkekyr skal oppstallast. |