Dyrevelferd

Alle som eig, eller har ansvar for dyr, er plikta til å sørgje for at dyrevelferda er ivareteken. Dyr har eigenverdi, uavhengig av nytteverdien dei har for oss menneske. Dyr skal takast vare på og vernast mot unødige påkjenningar. 

Dyrevelferd kan definerast slik: 

  1. Fridom frå svolt, tørste og feilernæring 
  2. Fridom frå fysisk ubehag 
  3. Fridom frå smerte, sjukdom og skade 
  4. Fridom til å utøve normal åtferd 
  5. Fridom frå frykt og stress 

(Brambellkommisjonen,1965)

Les meir i Dyrevelferdsloven.