Lagring og spreiing av gjødsel
Husdyrgjødsel er ein viktig ressurs for jordbrukaren, men kan også vere opphav til ein del miljøutfordringar.
Det er krav om forsvarleg lagringskapasitet av husdyrgjødsel for minimum 8 månadars drift. For å unngå å kome i ein situasjon der kapasiteten på lager vert sprengt, har du i praksis ofte bruk for lagringskapasitet i minst 10 månadar. Erfaringsmessig ser vi dessverre at ein del gjødselslager er underdimensjonert. Avtale om gjødsellevering kan her vere eit alternativ for å unngå at lagerkapasitet vert sprengt.
Gjødsla bør berre verte brukt når graset veks og når du skal hauste avlinga etterpå. Det er fristar for kor tidleg ein kan gjødsle om våren og kor seint du kan gjødsle om hausten. Gjødslinga kan berre skje på godkjent spreieareal.
Det er krav om å ha gjødslingsplan som viser gjødselmengd tilpassa m.a. vekst, avlingsnivå, driftsform, jordtype og klima.
Det er særlege tilskotsordningar for miljøvenleg spreiing. Ved å nytte utstyr som fører gjødsla raskare på eller ned i bakken oppnår du redusert tap av ammoniakk til luft og mindre avrenning til vassdrag.
Les meir under Å drive ein gard / Gjødsling, plantevern og avfall og på Statsforvaltaren sine nettsider