Minsteproduksjon sau
For å få tilskot til jordbruksdrift, for eksempel dyretilskot, er det krav om at føretaket driv vanleg jordbruksdrift. I vurdering om det kva som er vanleg jordbruksdrift i saueproduksjon, tek ein utgangspunkt gjennomsnittleg slaktevekt for dei ulike rasane. Viss produksjonen, slaktevektene på lamma, ligg jamnt under 70% av kva som er vanleg for rasen, vert det vurdert som lågare enn minsteproduksjon og rett til ulike tilskot kan falle bort.
I produksjon reknar ein både slaktevekter og tal lam per søye. Gjennomsnitts-produksjonstal for dei ulike rasane vert henta frå årsrapportane i Sauekontrollen.