Produksjon av storfekjøt
Produksjon av storfekjøt, ammeku og oppfôring av oksar er ein produksjon som har auka mykje dei siste tiåra. Produksjonen er regulert gjennom Dyrevelferdslova og ulike forskrifter. For alle rasar og driftsformer gjeld Forskrift om hold av storfe og Forskrift om sporbarhet og merking av storfe.
Nortura har plikt til hente alt storfe som skal sendast til slakt. Som produsent står ein likevel fritt til å velje kva slakteri ein vil levere til.
Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse.
Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.
Du kan lese meir om kompetansebeviset hjå Mattilsynet.