Ein landbrukseigedom kan vere eit godt utgangspunkt for næringsverksemd som ikkje kjem direkte inn under jordbruk eller skogbruk. Det er vanleg å skilje mellom tilleggsnæring og anna næring. Skiljet går mellom kva som kan tilskrivast garden og eigedomen og kva som ikkje gjer det. I Vestland er mange eigedomar for små for å drive heiltidsjordbruk. På mange gardar skapar tilleggsnæringar større økonomisk gevinst enn den tradisjonelle landbruksdrifta. Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling av landbruksbaserte næringar. Tilleggsnæring Anna næring Inntekta frå tilleggsnæring kan inngå i jordbruksinntekta til føretaket. Innan tilleggsnæringar finst det ulike tilskot, særleg gjennom Innovasjon Noreg sine ordningar. Hugs å utarbeide ein god forretningsmodell. |