Økologisk produksjon
Debio-godkjenning er ein føresetnad for å kunne selje og marknadsføre produkta dine som økologiske. Dette er forbrukaren sin tryggleik for at produksjonen er driven etter regelverket for økologisk landbruk, og det er Debio som godkjenner økologisk landbruksproduksjon og foredla produkt i Noreg. Dersom du skal selje økologiske produkt, anten det gjeld kjøt til slakt eller syltetøy, må både planteproduksjonen, dyra og det foredla produktet ditt vera godkjente av Debio. Ein revisor kjem på gardsbesøk kvart år, og fornyar godkjenninga di.
Gratis førsteråd
Er du usikker på korleis du skal drive garden økologisk kan du få Økologisk førsteråd frå Norsk landbruksrådgiving (NLR). Dette inneber eit gratis gardsbesøk med tilrådingar i ein rapport i etterkant av besøket. Dersom du vil melde deg inn i Debio og få øko-godkjenning på garden din, kan NLR hjelpe deg med å lage ein Øko-plan. Denne viser korleis du vil drive garden innanfor regelverket til økologisk landbruk. Planen må sendast saman med søknad om tilknyting til Debio. Når garden din har fått godkjenning har du rett til å søkje om økologisk tilskot både for areal og dyr som er økologisk godkjente. Det er eit tilskot som kjem i tillegg til vanleg produksjonstilskot.
Les meir om vilkår og satsar i rettleiinga for produksjonstilskot på landbruksdirektoratet sine sider. Du finn også meir informasjon om tilskot på bondeboka under kapittelet "Drive Gard".
Vil du ha ei rask innføring til dei viktigaste punkta i regelverket, så kan du lese meir her.
Ønskjer du kontakt med ein rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, og få eit økoråd, kan du lese meir her.
Informasjon om innmelding i Debio og regelverk rundt økologisk landbruk.
Matmerk informerer om regelverk for økologisk foredla produkt.