Produksjon av svin og fjørfe

Produksjon av svin og fjørfe


Gris og fjørfe er einmaga dyr og vert hovudsakleg fôra med kraftfôr. Kraftfôret er utvikla for å dekke dyra sitt næringsbehov og inneheld alle næringsstoffa dyra treng. Samansetninga av fôret varierer, men kan blant anna innehalde korn, soya, raps og nokre tilsetningsstoff. Nokre bønder produserer noko av kornet sjølv, men hovudsakleg kjøper produsenten alt kraftfôret.

 

Ein kan ikkje produsere produsera så mykje svine- og fjørfekjøt og egg som ein vil. Desse produksjonane er regulert av husdyrkonsesjonsregelverket. Reguleringa er til for å sørge for ein viss spreiing av gardsbruk som driv med svin eller fjørfe. Ein ynskjer ikkje at nokre få store bruk produserer alt og det ikkje er konkuransemessig rom for andre aktørar å drive. Reguleringa vert gjort ved at produksjonsomfanget hjå den einskilde produsent er avgrensa. Grensa for fri konsesjon er 2 100 konsesjons-einingar (t.d. 2 100 slaktegris produsert per år).

Dei ulike produksjonane har ein ulik faktor for kva ein konsesjonseining er. Viss ein ynskjer å produsere i eit større omfang må ein søkje Landbruksdirektoratet om dette.

 

Produksjon av svin og fjørfe er underlagt Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjon. I Forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen er det presiseringar om kva som står i lova. Mellom anna er grensene for konsesjonspliktig produksjon definert. 

 

Som i andre husdyrproduksjonar vert det stilt krav om spreieareal for gjødsla som produserast på bruket.


https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2004-01-16-5 


https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-04-01-611 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.