Merking av småfe ved overføring frå ein buskap
Kvar gong dyr vert overført til eit nytt dyrehald i Noreg, skal det merkast med eit kvitt øyremerke innan 7 dagar etter at dyret kjem til det nye dyrehaldet. Dersom dyret allereie har eit kvitt øyremerke skal dette erstattast med nytt kvitt øyremerke. Kjøpar skal ikkje fjerne merke frå opphavsbuskapen.
Når dyr vert overført til eit nytt dyrehald, er det mottakar som er ansvarleg for at det får nytt øyremerke.