Sanking og beitelag
Mykje av beitinga i utmark er organisert gjennom beitelag. Beitelaget skal vere registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret og ha minst 2 medlemer med organisasjonsnummer. På utmarksbeite skal det førast organisert tilsyn og sanking.
Dyra skal ha tilsyn minst en gong per veke i område utan særleg risiko. Ved mistanke om auka fare må tilsynet aukast, slik at forhold som kan føre til dårleg velferd, sjuke, skadde og avmagra dyr, vert oppdaga så tidleg som råd er.
Beitelaga kan søkje om støtte til investeringar til tiltak i beiteområdet. Slike tiltak kan til dømes vere å setje opp sankehegner, bruer eller elektronisk overvaking av dyra som radiobjøller og e-bjøller. Godkjente beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelaget. Tilskotet kan brukast til investeringar eller tiltak i regi av beitelaget som er positive for beitebruken i utmarka.
Les meir hos landbruksdirektoratet: