Sau (kjøt/mjølk)

Sauehald - driftsformer


Vi har ulike driftsformer med sau:  


Vinterfôra sau er sau som vert halden i driftsbygningar med dagleg tilsyn og fôring gjennom vinteren. Den vert sleppt på beite om sommaren. 

 

Utegang er når sauene vert haldne slik at dei har tilgang til hus og kan gå inn og ut som dei vil. Dei går ute heile året. Dei kan fôrast inne eller ute. Det er krav om at golv i hus til sauer på utegang må ha varmetekniske eigenskapar. Det er difor ikkje lov med strekkmetall eller betonggolv.  

Utedrift er hald av sau utan tilgang til hus. Dette er ulovleg og krev ein dispensasjon frå Mattilsynet. Det vert berre gjeve dispensasjon til hald av gamalnorsk sau (villsau), gammalnorsk spælsau og svartfjes. Dispensasjon vert gjeve på vilkår i inntil fem år etter at Mattilsynet har vurdert lokaliteten. 

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.