Tilskot saueproduksjon

Tilskot saueproduksjon


Produksjonstilskot

Du som driv med sau kan mellom anna søkja om


Tilskot til husdyr

her skal du føra dyr du hadde på teljedato 1. mars og/ eller 1. oktober i søknadsåret


Mjølkesau

Sau som er fødd i fjor eller tidlegare som er i mjølkeproduksjon der mjølka vert nytta som råstoff ved lokal foredling. Føretaket må kunna dokumentera at mjølka ver brukt som råstoff ved lokal foredling.

 

Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar 

Sau, dalasau, blæsa sau, fuglestadbrokete sau, grå trøndersau, rygjasau og steigarsau. Dyra må vera registrert i Sauekontrollen med låst rasekode på teljedato 1. oktober.

Meir om bevaringsverdige saueraser finn du på NIBIO sine sider


Tilskot til dyr på beite 

dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting.

 

Tilskot til dyr på utmarksbeite            

dyr som har beita i utmark i minst 5 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting i utmark. For sau skal det i tillegg førast opp sleppte og sanka dyr. 


Areal- og kulturlandskapstilskot 

Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite


Tilskot til økologisk landbruk

Her er ulike kodar for ulik produksjon; husdyr, grovfôr etc


Tilskot til avløysing ved ferie og fritid 

Her fører du opp om du søkjer avløysartilskot og sum nytta på avløysartenester. Du kan nytta avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/ eller kjøpa avløysartenester frå andre føretak.

Regionale tilskotsmidlar

Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. 


Driftstilskot til organiserte beitelag

Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her


Investeringstilskot til organiserte beitelag 

Utmarksbeiting i Norge forgår i stor grad i regi av beitelag som organiserer fleire beitebrukarar innanfor eit definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda



Les meir hos landbruksdirektoratet.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.