Frivillig skogvern
Frivillig skogvern. Foto: Maria Knagenhjelm FMVL

Frivillig skogvern


Informasjon om kartlagde naturtypar og artar er lett 
tilgjengelege i offentlege kartportalar, som www.miljostatus.no og www.naturbase.no. Eig du utmark utan for mykje inngrep kan det vere at du har gull i den grøne skogen. Kanskje frivillig skogvern kan vere det beste alternativet for å realisere verdiane for framtida? Ta kontakt om frivillig skogvern her


I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gang ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert. 

I Vestland er det skogeigarorganisasjonane AT Skog og Norskog som representerer grunneigarane i vernearbeidet. Etter forhandlingar om avgrensing av areal, vernereglar og erstatning, vil området gjennomgå vanleg sakshandsaming,
 i tråd med naturmangfaldslova. 


Les meir om dette hjå Fylkesmannen i Vestland.

Norskog, Norges Skogeigarforbund og Miljødirektoratet.

Du finn meir også hos AT Skog  

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.