Skjøtsel av skog

Skjøtsel av skog


Tradisjonelt vert det planta gran på hogstflater i vår region. På plantefelta veks det ofte opp andre treslag mellom planteradene, og tal planter per dekar vert for høgt i forhold til optimal produksjon og kvalitet av valt treslag. Såkalla avstandsregulering er nødvendig for å sikre god tilvekst og kvalitet på framtidsskogen. Denne ungskogpleia skjer 10-20 år etter etablering av ny skog på arealet. Seinare i omløpet kan det vere aktuelt å kviste lauvtre for best mogeleg kvalitet. Etter 30-40 år kan tynning i skogen vere aktuelt, men dette er avhengig av mellom anna treslag, stabilitet og infrastruktur.






Om du ønskjer fleire sjikt, treslag og meir mangfald i skogen, må du planleggje framgangsmåten godt. Denne driftsforma er utan store snauhogstar og tek meir omsyn til kva naturen tilbyr som forynging. Ein slik type skog vert meir stabil i forhold til naturskader (vind, flaum, ras, billeangrep) og er positiv for det biologiske mangfaldet i skogen din.


Ein kan søkje kommunen om tilskot til ei rekke skjøtselstiltak.


Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skjøtsel av skog.

Ansvarleg nettredaksjon: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet på våre sider er oppretta med stort omhu; vi kan imidlertid ikkje garantere for at innhaldet er alltid fullstendig og aktuelt.

QUICK CONTACT

24 / 7 SERVICE

  • Purus pede magna mi id
  • Nisl ut urna ac condimentum
  • Vitae sed mauris

CUSTOMERS SAY

“Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Nullam tincidunt viverra diam”


Bob, Westside Brox

mail@demolink.org

999-234-876