Korleis steller du ung skog riktig?

Skogbruket har ulike skjøtselsmetodar avhengig av kva treslag du ser føre deg passer best på staden og kva som skal utgjere hovudtreslaget ved slutthogst langt fram i tid. I all hovudsak handlar ungskogpleie på Vestlandet om å fristille grana etter planting når trea er mellom 1 og 5m høge. På Vestlandet er det ofte snakk om eit tynningsfritt skogbruk. Vi kallar ungskogpleie "hard" når vi set att så få tre som mogleg. I praksis set du att omlag 150 tre per dekar som skal stå heilt fram til hogst. Om trea hadde vore fordelt likt på arealet, ville det vore omlag 2,60 m mellom kvart tre.

FØR tiltak:
Vel framtidstrea uti frå ønskt produksjonsmål og vekstpotensial av treslaga.
FØR tiltak: Vel framtidstrea uti frå ønskt produksjonsmål og vekstpotensial av treslaga. Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.
ETTER tiltaket: Framtidstrea er valt ut og dei neraste konkurrentane er lagd i bakka. Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.

I bestandskantar kan du sette att så lite som 100 tre per dekar, slik at desse får rikeleg med plass til å utvikle ei stor rot og bli stormsterke tre. Er det mange framtidstre av same treslag, kan du sage ned dei med dårlegast kvalitet. Gran med dobbelttoppar, tydeleg krok på stammen og dårleg vekst kan då takast ut.

I forskrifta om berekraftig skogbruk blir det stilt krav om 10% lauvinnblanding og etablering av kantsoner.

Spar lauvtre som ikkje konkurrerer med framtidstrea. Dei trea kan vere potensielle kvalitetstre, matfat til vilt og elles bryte opp eit einsforma skogbilete.

Ungskogpleie av furu er nokså lik gran. Furua er eigna til produksjon av kvalitetstømmer. Difor set du att fleire tre etter ungskogpleie, mellom 200 og 250 tre per dekar. Dette krev at du gjer tynningar, der du fristiller framtidstrea ytterlegare og samstundes kan ta ut tømmer du får betalt for.  

Kvalitetsproduksjon av lauvvirke krev fleire rundar med ungskogpleie og er meir krevjande. For optimalt resultat, ta kontakt med ein skogfagleg rådgjevar.

Les også

Ungskogpleie i furu - Torgrim vel framtidstrea. Foto: Bastian Hoffmann / Statsforvaltaren i Vestland .