Kva kostar tiltaket?
Prisen på ungskogpleie er i snitt 600 – 800 kr per dekar. Dette varierer etter tretal, størrelse på trea, terreng og skogsarbeidaren sin kondisjon. I ei bratt li med høgt tretal er produktiviteten lågare og dekarprisen vert større. Det er lettare og billegare å hogge i flatt terreng, og dyrare og meir strevsamt i bratt terreng.
Før vi startar opp ryddesaga, er det klokt å kontakte kommunen. Det er viktig å vurdere om tiltaket let seg gjennomføre innafor tilskotsordninga kommunen har.