Kven kan gje råd?

Ungskogpleie er arbeid som ikkje bør utsettast eller gløymast. Du kan be om råd frå fagkyndige, t.d. kommunen sin skogansvarlege, Skogkurs, Skogselskapet eller skogeigarforeininga.

Vi hjå Statsforvaltaren ønskjer større fokus på dette viktige arbeidet. Tek du kontakt med oss, vil vi kunne bidra med: 

  • Praktiske råd korleis du kan starte ungskogpleie i din skog
  • Ein prat om tilskot og ikkje minst verdien av skogfond
  • Synfaring i skogen din og skogfaglege råd for vidare skogpleie

 

Rådgjevarane hjå Statsforvaltaren i Vestland

Torleiv Skage
Fana, Bergen


Han har både undervist skogbruk på Stend jordbruksskule og jobba sjølv i skogen. Han liker system og ungskogpleie bør vere systematisk. Han har sett mykje skog og har gode råd å dele med andre.

Torgrim Østgård
Jølster, Sunnfjord


Til trass for ung alder har han planta og rydda meir i skogen enn dei fleste av oss. Tvers gjennom ein praktisk type med mykje kunnskap om treslag, vekst, skogskader og naudsynte tiltak i skogen.

Gro Kampp Hansen
Evanger, Voss


Den danske kvinna har eit stort hjarte for skogen, og mykje kompetanse og erfaring. Ho ser alltid etter praktiske løysingar for eit naturnært skogbruk som gjev pengar i kassa og samstundes er økologisk verdifullt.

Dirk Kohlmann
Fana, Bergen


Han er tysk skogbrukarar med skogsarbeidarerfaring og sans for å få ting gjort i skogen. Han har tru på at meir variasjon i treslagvalet vil gje oss betre naturtilpassing og meir økonomisk spelerom i framtida.

Les også

Råd frå kommunen

Først og fremst finn du gode rådgjevarar i kommunen din. Ring skogbruksansvarleg og ber om ei synfaring i skogen din.

Meir kunnskap frå ekspertane hjå Skogkurs