Kvifor bør du stelle ung skog?

For mange skogeigarar vil nok det økonomiske vere det sterkaste argumentet for kvifor ungskogpleie ikkje bør nedprioriterast. Riktig ungskogpleie kan fordoble verdien på skogen når den skal hoggast. Når du pleier ung skog konsentrerer du verdiaukinga på dei utvalde trea. Avhengig av marknadsutviklinga i framtida kan det vere den viktigaste investeringa du gjer. 

Med stadig meir lumske vêrforhold aukar farepotensialet i våre skogar. Skogstell i ung alder er med på å minke risikoen for vindfall. Enkelttrea vil uavhengig av treslag bli sterkare mot vind, trea vil bli større, og rotsystem og krone vert meir utvikla. 

Om du som skogeigar ynskjer ei meir variert treslagssamansetting er det no rett tidspunkt til å gripe regulerande inn. Lauvskog treng merksemd om du vil produsere verdiar.  

Når ungskogpleie gjerast tidleg, er dette ei billeg investering. Det er ingen fordel å utsette eller ikkje gjennomføre dette tiltaket, det vil vere fordyrande på sikt. 

Sunne, varierte og stabile skogar vil vere attraktive økosystem som oppfyller mange funksjonar.

Merking av framtidstrea er eit godt grep for systematisk ungskogpleie. Voss, juni 2024 Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.