Kva kostar ein skogbruksplan?
Når det lagast skogbruksplanar blir det vanlegvis organisert i ein områdetakst. I kvart takstprosjekt blir det fastsett ein eigen pris.
Det er vanleg med ein grunnpris for kvar eigedom + eit tillegg pr dekar skog.
Skogeigar kan få tilskot frå staten dersom skogbruksplanen vert tinga i samband med områdetakst.
Prisnivå 2023
- Grunnpris: 2000-2500 kr pr eigedom
- Dekarpris: 30-40 kr pr dekar
- Tilskot: 50-70%
Forventa pris på skogbruksplan i 2023
Areal skog på eigendomen |
Fastpris pr. plan |
Kr pr. daa skog |
Fakturabeløp (utan mva) |
Tilskot 60% |
Kostnad etter tilskot (utan mva) |
100 dekar |
2 500 |
35 |
6 000 |
3 600 |
2 400 |
200 dekar |
2 500 |
35 |
9 500 |
5 700 |
3 800 |
500 dekar |
2 500 |
35 |
20 000 |
12 000 |
8 000 |
Du kan nytte skogfond til å betale for skogbruksplanen (meir om skogfond i bondeboka her).