Kvifor bør eg ha ein skogbruksplan?
Avgjerder du gjer i skogen i dag får konsekvensar langt inn i framtida. Jo mindre du kan om skog – desto meir treng du ein skogbruksplan.
Ein skogbruksplan hjelper deg å optimere dine verdiar/skogsverdien:
- God planlegging gir betre lønsemd over tid.
- Hogg skogen når han er hogstmoden, og unngå økonomisk tap ved for tidleg hogst.
- Skap ein skog med høg tømmerverdi gjennom suppleringsplanting og ungskogpleie.
- Sikre økonomisk og økologisk berekraftig drift.
- Ikkje hogg meir enn skogen veks.
Ein skogbruksplan hjelper deg å leve opp til krav i lovverk og sertifisering:
- Skogeigarar på eigedomar med over 50 dekar skog må ha miljøregistreringar i skog (MiS) for å kunne selje tømmer.
- Skogeigar må vise omsyn til fleirbruksverdiar (freda kulturminne, turstiar m.m.)
- Dei store tømmerkjøparane krev at skogeigar følger krava i Norsk PEFC Skogstandard (kantsoner, rovfuglreir m.m.)
Ein skogbruksplan er eit nyttig verktøy i din kvardag som skogeigar:
- for å vurdere rett kategori for skatting av skog
- for å vurdere tilbod på hogst
- ved sal eller overdraging av eigedom (billeg takst)
- for å vurdere om det er lønsamt å bygge veg