Vernskog
Vernskog. Foto: Simon Wolff

Vernskog


Vernskog er eit omgrep frå Skogbrukslova. Skog kan verne dyrka mark, skog og busetnader mot naturskadar, vêr og vind.  Opp mot fjellet, ut mot havet eller langt mot nord veks skogen seinare og foryngar seg ikkje så lett, her er skogen også viktig for å oppretthalde seg sjølv. 

I nyare tid har NVE - Norges vassdrags- og energidirektorat og andre kartlagt bratt areal for naturfare, og merksemda er meir og meir retta mot skogar som naturleg står der, eller som er planta. Skog oppfyller ein vernefunksjon om ein unngår snauhogst av store areal og såkalla gravedrifter. Også planting, skjøtsel og hogst av skogen må ha fokus på å stabilisere desse skogane og gjere dei varige og robuste. I slike tilfelle må volumproduksjon og tømmerinntekt få underordna prioritet. 

Å plante einsforma granskog, som i dag har slike vernefunksjonar, er ei utfordring for både forvaltninga og skogeigaren.

I Vestland fylke går det for tida føre seg eit pilotarbeid, som vil sjå på juridiske, plantekniske og praktiske spørsmål knytt til slike skogar. Fram til no er det ikkje eigne tilskotsordningar til å ta vare på denne skogen på ein spesiell måte, men det vert diskutert i forvaltninga. Uansett vil desse skogane få ein enda større verdi i ei tid der klimaet er i sterk endring. 


Vernskog må ikkje forvekslast med omgrep som verna skog, skogvern eller frivillig skogvern. Om du har spørsmål om vernskog, kan du ta kontakt med Fylkesmannen, skogansvarleg i kommunen eller Skogkurs


Landbruksdirektoratet har omfattande dokumentert kunnskapsstatus på dette feltet. 


Skogbrukslova om vernskog


NVE sin rapport om “Skog som vern mot naturfarer”

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.