Økologisk storfehald
Den største skilnaden mellom økologisk og konvensjonelt storfehald er knytt til dyrking av grovfôr, beiting og bygnings-og plasskrav. I tillegg er det krav knytt til fôring, sjukdomsførebygging og parasitthandtering. Det er Debio som fastset og handterar reglar for økologisk drift i Noreg.
Målet i ei økologisk driftsform er at storfehaldet, i størst mogeleg grad, skal klare seg med garden sine eigne lokale og fornybare ressursar. Kunstgjødsel og kjemisk syntetiske sprøytemidlar er ikkje tillete. God dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg.
Les meir på DEBIO sine nettsider.