Produksjonstilskot storfe
Du som driv med storfe til kjøtproduksjon kan søkje om produksjonstilskot mellom anna:
Tilskot til husdyr
Her skal du føra dyr du hadde på teljedato 1. mars og/ eller 1. oktober i søknadsåret.
Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
STN (sida trønder- og nordlandsfe), vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle, telemarksfe, østlandsk rødkolle, dølafe. Må vera registrert i Kuregisteret hos Norsk genressurssenter på teljedato 1. oktober.
Tilskot til dyr på beite
Dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemogelegheiter, og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting.
Tilskot til dyr på utmarksbeite
Dyr som har beita i utmark i minst 5 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting i utmark.
Areal- og kulturlandskapstilskot
Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite.
Tilskot til økologisk landbruk
Her er ulike kodar for ulik produksjon; grovfôr, potet, grønsaker, frukt og bær obs.
Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Her fører du opp avløysartilskot og sum nytta på avløysartenester. Du kan nytte avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/eller avløysartenester kjøpt frå andre føretak.
Les meir hos landbruksdirektoratet.
Driftstilskot til organiserte beitelag
Beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvenlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er, til liks med nasjonale produksjonstilskot, ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her
Investeringstilskot til organiserte beitelag
Utmarksbeiting i Norge går i stor grad føre seg i regi av beitelag som organiserer fleire beitebrukarar innanfor eit definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda.