Storfekjøtproduskjon

Produksjon av storfekjøt


Produksjon av storfekjøt, ammeku og oppfôring av oksar er ein produksjon som har auka mykje dei siste tiåra. Produksjonen er regulert gjennom Dyrevelferdslova og ulike forskrifter. For alle rasar og driftsformer gjeld Forskrift om hold av storfe og Forskrift om merking, registrering og rapportering av storfe.


Nortura har plikt til hente alt storfe som skal sendast til slakt. Som produsent står ein likevel fritt til å velje kva slakteri ein vil levere til.

Tilskotsordningar

Det er fleire tilskotsordningar som er aktuelle for storfekjøtprodusentar. Her er nokre av dei viktigaste:


  • Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar – det er 6 bevaringsverdige storferasar i Noreg.
  • Distrikstilskot for kjøtproduksjon - Hordaland er fordelt i 2 ulike soner for kjøtproduksjon.
  • Frakttilskot bidreg til å jamne ut kostnadsforskjell for frakt av storfe frå produsent til godkjent slakteri.
  • For å stimulere til fleire produksjonsdyr og betre og auka slaktevekter er det kvalitetstilskot for slakt som oppfyller krava.


Alle aktuelle tilskotsordningar på landbruksdirektoratet sine sider.

Nettsideansvarleg: Dirk Kohlmann, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett.