Svineproduksjon

Produksjon av svin


Gris er einmaga dyr og hovudsakleg vert fôra med kraftfôr. Kraftfôret er utvikla for å dekke dyra sitt næringsbehov og inneheld alle næringsstoffa dyra treng. Samansetninga av fôret varierer, men kan mellom anna innehalde korn, soya, raps og nokre tilsetningsstoff. Nokre bønder produserer noko av kornet sjølv, men hovudsakleg kjøper produsenten alt kraftfôret.


Svineproduksjon er delt opp i ulike produksjonslinjer (smågris, slaktegris og avlsdyr) og ulike former som produksjon i driftsbygning og gris på utedrift.
Er du smågris,- slaktegrisprodusent og eller driv kombinert produksjon, enten i stor eller småskala, må du følgje forskrifta om hald av svin som sett vilkåra.


Frå 01.01.2020 er det krav om at du som driv med næringsretta dyrehald skal ha oppdatert og dokumentert kunnskap om dyrehelse. 


Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse.

Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.


Du kan lese meir om kompetansebeviset på mattilsynet sine sider.