Inn på tunet
Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjente gardar tilbyr aktivitetar som gjev meistring, utvikling og trivsel.
Velferdssektoren står framfor store utfordringar og her kan landbruket tilby gode løysingar. Dei viktigaste brukar-gruppene for Inn på tunettilbod er born og ungdom, menneske med demens og menneske med psykiske utfordringar. Godkjenningsprosedyre og meir informasjon hjå Stiftelsen Norsk Mat.
Statsforvaltaren har eit regionalt koordineringsansvar for Inn på tunet.